Årsmøte i Fitjar grunneigarlag

Årsmøte 2011
Det vert årsmøte i Fitjar grunneigarlag torsdag 24. februar 2011 kl 20.00 på Fitjar sjø og camping. Registrering frå klokka 19.30.
Sameigarane får innkalling i posten. Saknar du innkalling, eller du ynskjer å få tilsendt årsmøtepapir , kan du ta kontakt på e-post: helgari@frisurf.no eller telefon 975 28 001. Ved eigarskifte må nye eigarar gje melding om dette til styret. Leiar Tore Sigurd Fitjar har telefonnummer 952 77 201 og e-postadresse: tore.fitjar@haugnett.no.


Småviltjakt i Stord og Fitjar fjellsameige 2010

Jaktida for 2010 er frå 2. oktober til 23. desember.

For Stord fjellsameige kan ein kjøpa jaktkort med kart hos FK-butikken på Heiane. Depositum kr. 200.

For Fitjar fjellsameige kan ein kjøpa jaktkort med kart hos Tveit Regnskap, avdeling Fitjar, som ein finn i 2. høgda i Larsen-bygget.

Ved kjøp av jaktkort skal gyldig jegaravgiftskort framvisast.

Rype, orrhøne og storfugl er freda.

Vert det nytta hund under jakta skal det leggjast fram attest på at hunden er sauerein.

Det er ikkje høve for andre enn fast busette i Stord og Fitjar å driva jakt i desse områda.

Hugs jegeravgift!

NB! Jaktoppsyn

Grunneigarlaga i Stord og Fitjar


Utleige av hjortejakt i Fitjar fjellsameige

Utleige av hjortejakt i Fitjar fjellsameige.

7 dyr til samla pris 27 000,-

Interesserte jaktlag kan senda søknad  med namn på alle i laget til Fitjar grunneigarlag v/Tore Sigurd Fitjar, Fitjargarden, 5419 Fitjar,

eller på e-post til: tore.fitjar@haugnett.no

For spørsmål ring: 952 77 201

Søknadsfrist: 22. august 2010


Årsmøte 2010

Det vert årsmøte i Fitjar grunneigarlag torsdag 25. mars 2010 kl 20.00 på Fitjar sjø og camping.
Les meir »